Old Drupal 7 Site

Lise Skogstad Loftsgaard Om forfatteren
Artikkel

Psykisk liding kan både vere ein risikofaktor for covid-19 og ein følgjetilstand etter covid-19.

Illustrasjon: DrAfter123/iStock

I ein kohortstudie basert på eit elektronisk helseregisternettverk i USA blei nesten 45 000 covid-19-pasientar utan psykiatrisk forhistorie samanlikna med seks andre kohortar med ulike akutte tilstandar (1). Risikoen for å bli råka av psykisk liding var høgare etter covid-19 enn etter både influensa (hasardratio 2,1; 95 % KI 1,8 til 2,5), andre luftvegsinfeksjonar (1,7; 1,5 til 1,9), nyrestein (2,2; 1,9 til 2,6), frakturar (2,1; 1,9 til 2,5), hudinfeksjonar (1,6; 1,4 til 1,9) og gallestein (1,6; 1,3 til 1,9). Estimert sannsyn for psykisk liding 90 dagar etter covid-19 var 5,8 %, mest for angst (4,7 %).

Ein samanlikna òg to kohortar for å sjå på psykisk liding som mogleg risikofaktor for covid-19. Bare den eine kohorten hadde fått ein psykiatrisk diagnose året før pandemien. Denne kohorten hadde auka risiko for covid-19 samanlikna med kohorten utan psykisk liding (relativ risiko 1,65; 95 % KI 1,59 til 1,71).

– Ein høgare førekomst av psykiske lidingar, særleg angst, etter gjennomgått covid-19 er som forventa, seier Jeanette Bjørke-Bertheussen, som er spesialist i psykiatri og avdelingsoverlege ved Stavanger universitetssjukehus. 

– Men det manglar framleis studiar som klarlegg mekanismane bak. Frå ein klinisk ståstad er det overraskande at førekomsten av depresjon i etterkant er såpass låg, og også at risikoen for å utvikle førstegongspsykose er låg, meiner ho.

– Denne studien understrekar at det er viktig å tenke på psykisk helse når ein skal lage planar for å handtere pandemien vidare. Sosioøkonomiske forhold og organiseringa av helsesektoren er vesentleg annleis i USA enn i Noreg. Ein bør difor undersøke om det kan vere liknande funn også her i landet, seier Bjørke-Bertheussen.

Anbefalte artikler