Old Drupal 7 Site

Smittefare og hygieniske tilhøve i dei norske fellestuna

Mads Langnes Om forfatteren
Artikkel

Heggedalstunet i Innvik, Nordfjord, 1872. Foto: Knud Knudsen/Billedsamlingen, Universitetet i Bergen

I eldre tid var den rurale busetnaden prega av store og tette fellestun i delar av landet, fram til desse landsbyliknande klyngetuna forsvann ut or soga i løpet av nokre få tiår frå midten av 1800-talet og fram til om lag den første verdskrigen. I denne artikkelen skal me ut frå eit fokus på smittefare og hygiene i det gamle bondesamfunnet analysere korleis distriktslækjarane og andre meiningsdannande aktørar såg på denne rurale busetnadsstrukturen. Målet er å stille spørsmål ved i kva grad nett dette med smittefare og hygiene var ei av årsakene til oppløysinga av desse tuna, samt undersøkje kva verknad oppsplittinga av dei skulle føre med seg.

Den grunnleggjande eininga i det gamle bondesamfunnet må kunne seiast å vere garden, med sjølve tunet som eit pulserande sentrum for så vel arbeid som sosialt liv. På gardar med fellestun var desse meir som ei ramme for dagleglivet for fleire familiar, der både praktiske gjeremål og det sosiale livet gjekk føre seg (1). Dei gamle tuna var med sin tette busetnad og sine tette, sosiale relasjonar også ein potensiell ynglestad for smittefare.

Dei aller fleste av fellestuna vart brotne opp som ei følgje av innmarksutskiftingane (eller jordskifte, som ein seier i dag). Ei tidleg utskiftingslov frå 1821 hadde vore lite effektiv og påverka knapt tunskipnaden. Oppsplittinga og utflyttinga frå tuna skjedde primært frå ein fekk ei ny og radikal utskiftingslov i 1857 og ein statleg utskiftingsetat frå 1859, og utetter 1800-talet og byrjinga av 1900-talet. Reformprosessen medførte altså ikkje berre ei stor omkalfatring av sjølve jordeigedomsstrukturen på gardane gjeldande teigar og sameige, men fekk også mykje å seie for tunskipnaden, byggjeskikken og sosiale strukturar. Dette galdt særleg i dei landslutane der ulike former for fellestun var vanleg – primært på Vestlandet, men også dels på Sørlandet og i Nord-Noreg. Her var ei oppsplitting av tuna ofte naudsynt for å få til ein god delingsplan i tråd med måla i lova. Heile prosessen var ein del av ein overgang frå fellesskap og nære relasjonar i dei store fellestuna over til nye mål om at kvart gardsbruk, med tun og teig, skulle liggje som sjølvstendige og sjølvstyrte einingar.

Utskiftingane og oppløysinga av dei gamle fellestuna står i samband med mange samfunnsfaktorar. Av dei mindre innlysande verknadene av reforma har fleire sentrale jordbrukshistorikarar hevda at oppsplittinga av dei gamle fellestuna medførte ei betring i dei hygieniske tilhøva og at dette var ei «(…) sanitær og kulturell vinning» (2, s. 235). Hovudspørsmålet i artikkelen blir difor å analysere om den potensielle smittefaren og dei hygieniske tilhøva i tuna var ei medverkande årsak til at desse «landsbyane» vart splitta opp i løpet av få tiår?

Materiale og metode

For å finne årsakene til den omgripande omlegginga av den rurale busetnaden nyttar me både kulturhistorisk litteratur og ikkje minst meldingane distriktslækjarane sende inn til sentrale styresmakter. Dei såkalla medisinalmeldingane frå siste halvdelen av 1800-talet er ei viktig kjelde til både medisinsk, sosial og økonomisk historie. Dei trykte meldingane finn ein i serien Noregs offisielle statistikk, Sundhedstilstand og medicinalforholde, som kom årvisst frå 1853, men der det er originalmeldingar attende til 1803 (3). Den trykte serien byggjer på grunnlagsmateriale innsendt frå distriktslækjarane i kvart amt, der dei melder om helsemessige, hygieniske og sosiale tilhøve i dei einskilde distrikta (4), og der ei mengd sjukdomar går att i meldingane: koppar, barselfeber, kikhoste, sott, skabb, spillesjuke osb. (5). Meldingane er skjematisk oppbygd, frå starten av forankra i forordning av 20. desember 1803, og der kravet for innhaldet vart ytterlegare utvida i 1830 (6). Grunnlagsmaterialet for dei trykte meldingane finn ein i Riksarkivet.

Når me skal sjå på utskiftingsreformene, er opplysingane om «Levemaade og hygiæniske Forholde» i meldingane meir nyttige enn dei reint medisinale. Meldingane blir i så høve nytta som kjeldemateriale til samfunnsvariablar som tunskipnad, bustadar, byggjeskikk og reinsemd. I eit slikt ljos kan ein sjå meldingane som ein slags tilstandsrapportar, eller «medisinsk-topografiske studier» (7, s. 17), ikkje berre om hygiene og reinsemd, men også om allmenntilstand og kulturnivå i det heile (5). Målet med meldingane var også å gje styresmaktene eit betre slutningsgrunnlag for å styre samfunnet (8).

Samstundes må ein huske at rapportar frå lækjarstanden var skjønsmessige, ofte paternalistiske og spegla desse embetsmennene sin ståstad, bakgrunn, kompetanse og røynsle (5). Slik viser medisinalmeldingane også kulturmøtet mellom ålmuge og lækjarstand: «Ekspertane og autoritetane på den eine sida og den ikkje altfor skjønsame og reinsame allmuge på hi sida», som Jostein Nerbøvik har skrive (5, s. 20). I så høve skal me også granske rolla til sunnheitskommisjonane som vart oppretta etter sunnheitslova av 1860, ei lov som førte til skjerpa krav til kva som skulle rapporterast i medisinalmeldingane (6). I dei mange tiåra med eit høvesvis omfattande ordskifte mellom politikarar, embetsmenn og andre føregangsmenn fram til ein fekk vedteke ei ny og radikal utskiftingslov i 1857 (9), var det heller ikkje noko offentleg instans som blanda seg inn i husbygginga på landsbygda i Noreg. Først ved lova om sunnheitskommisjonar i 1860 (10) og opprettinga av slike kommisjonar vart det stilt krav til tomter og byggjemåte (11).

Uthus med møkadynger i Eidetunet, Rauma kommune i Romsdal, ca. 1920. Foto: Kirkhorn/Romsdalsmuseets fotosamling

Eg har valt å granske medisinalmeldingar frå dei tre områda Hardanger, Nordfjord og Romsdal. Dette er tre ulike område på Vestlandet, som er kjent som landsluten med flest store og tette tun. Dei tre områda representerer den sørlege luten av Vestlandet (Hardanger i tidlegare Hordaland), den midtre (Nordfjord i tidlegare Sogn og Fjordane) og den nordlege (Romsdal i Møre og Romsdal). Slik får ein ei utdjupande geografisk breidde i analyseområda.

Kritiske distriktslækjarar

Frå Møre og Romsdal viser medisinalmeldingane at ein allereie same året som sunnheitskommisjonane vart oppretta i 1860, omtalte store tun «(…) hvor Husene ligge samlede i en uordentlig Klynge imellem Gjødseldynger og Sølepytter» (12, s. 97). Distriktslækjarane i Hardanger hadde også heilt frå dei byrja å sende meldingar stadig nemnt den skadelege tunskipnaden i området. Distriktslækjar Brock nemnte til dømes allereie i 1855 at dei store fellestuna i indre Hardanger var lite hygieniske, med våningshus og uthus om ein annan, og at det var stutt avstand mellom bygningane, dynger utfor dørene og dårlege vegar i tunet (13, s. 110). Me veit at dei store tuna kunne ha opp mot 50–60 bygningar tett i tett og over hundre innbyggjarar (14). Amtmannen var inne på det same i femårsmeldinga si frå 1851–55 og hevda at ein i fellestuna oftast fann store møkk- og sumpdammar som forpesta lufta mellom den tette busetnaden (15, s. 6). Det er ikkje usannsynleg at dei hygieniske tilhøva kan ha vore ei av fleire årsaker som var med på å framskuve innmarksutskiftingane.

Eit fenomen som fleire av lækjarane drog fram som særs negativt, var dei såkalla dyngene ein fann i dei fleste tuna. Dei fleste bøndene hadde mange inn- og uthus i tunet på denne tida, gjerne med eit eige uthus for kvart dyreslag. I Nordfjord vart det skildra slik: «Utanfor kyrafjøsane, som til dels stod inne i tunet, låg dei store møkadungane og spreidde lukt ut over tunet. Væta frå dei strakk seg ut over, serleg i vårløysinga og i sterkt regnver. Utanfor stovedøra, i kroken mellom veggen og inngangsdøra, låg sørpedungen. Innhaldet av den seig ut til alle kantar, både inn i huset og ut i tunet» (16, s. 68). Gerhard Kjølås kunne fortelje at slike «sorpholer» var vanlege også på Sunnmøre og at distriktslækjaren ved fleire høve tok til orde for å få bøndene til å fjerne desse i 1860-åra (17). Som hevda av Jostein Nerbøvik framstiller medisinalmeldingane eit bondesamfunn der det knapt nok var stell på noko som helst – om ein les meldingane bokstaveleg. Dei skildrar samankrøkte klyngetun, låge våningshus og daglegrom der folk og husdyr gjekk om einannan i eit saleg rot (5, s. 346).

I tillegg til ein reint estetisk indignasjon, er det tydeleg at lækjærane la vekt på smittefaren ved desse dyngene. Det var heller ikkje utedo på gardane (18), og distriktslækjaren i Nordfjord kunne i 1867 melde at: «Møddingdyngen ved Svalen er endnu ikke kommen væk paa ret mange Steder; der gjør Børnene og ved Husvæggen de Voxne sin Fornødenhed» (19, s. 197). Ofte var det store folkeforsamlingar i desse tuna, ikkje minst ved dåp, bryllaup og gravferd, og det er kanskje ikkje rart at distriktslækjaren i Nordfjord skreiv følgjande i meldinga frå 1877 under eit smittsamt sjukdomsutbrot av skarlagensfeber i området: «Husenes klyngevise Beliggenhed, Sammenstimlen af Mennesker ved de i Vaartiden hyppige Brylluper, Almuens ringe Kjendskab til Sygdommen og dens Smitteevne antages at have spillet en betydelig Rolle ved Epidemiens Udbredelse» (20, s. 112).

Frå om lag 1860-åra kom det utedoar i ein del av tuna (18). Dette skjedde samstundes som sunnheitskommisjonane vart oppretta, med mål om å motta og spreie kunnskap om sunnheitspleie og fordrive «barbari og vankunnighet», som det heitte i førearbeidet til lova (21, s. 333). Trass i at fleire granskingar viser at det i mange kommunar tok lang tid å få innført helsefråsegnene og at kommisjonsmøta var sjeldne og lite prestisjefylte (22), kan det virke som om også bondesamfunna på Vestlandet vart meir bevisste på hygiene på denne tida. Ei historie frå gardane Gimmestad og Ommedal i Nordfjord kan vere eit døme på dette: Då utskiftingsformann Myklebust måtte nytte høge støvlar medan han arbeidde i tunet fordi søla gjekk langt opp på beina, spurde han ein av brukarane om kvifor dei ville leve i denne skiten og faren for å bli sjuke, alle i hop. Svaret syner oss noko av den potensielle kulturkonflikten mellom embetsmann og bonde: «Ånei du, vi blir ikkje sjuke. Her er so sjete at her leve ikkje bakterier!» (16, s. 70).

Der tuna vart utflytta i samband med utskiftingsforretningar, viser kjeldene at tilhøva kunne betre seg. Som distriktslækjaren i Voss i Hordaland skreiv i 1878: «Renligheden er ringe, dog er der Fremgang at spore især paa de udskiftede og udflyttede Gaarde» (23, s. 185). Dei hygieniske tilhøva i dei store fellestuna skulle likevel vere ei utfordring for lækjarstanden i åra frametter, då utskiftingane på langt nær hadde brote opp alle mangbølte tun på denne tida. Frå Hordaland kom ei ny klage i 1888, der det var tale om at «Vaaningshuse og Udhuse ere uden Spor af Orden satte i en Klynge, saa at den ene Nabos Gjødseldynge kan sees udover Vinteren at voxe op udenfor den andens Gadedør eller Vindu» (24, s. 149). I desse tuna ville ein truleg ikkje sjå noka betring før gardane vart utskifta, ifølgje ei lækjarmelding frå fylket, då dei store fellestuna sette ein stoppar for ei kvar form for rasjonell hygiene.

Fellestunet på garden Opedal i Hardanger var eit av dei største og tettaste i heile landet før oppsplittinga som følgje av innmarksutskiftinga i åra 1884–90. Biletet viser tunet før og etter utskifting. Foto: Hardanger og Voss folkemuseum

Folkelivsgranskaren Eilert Sundt (1817–1875) såg også på samanhengen mellom dei store fellestuna, som særleg fanst i Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland, og dårleg hygiene hjå bøndene som budde der. I 1869 peika han på at bruksdelinga hadde gått langt i amta utan at utskifting og utflytting hadde kome i kjølvatnet av prosessen. Sundt skildra difor dei store og uregelmessige husklyngene ein fann i dei regnfulle og fuktige kystfylka, og skreiv at ein i desse tuna sleit med å halde det ryddig og reint mellom husa (25). Han hevda at strukturen førte til at ein trakka att og fram mellom innhus og uthus, og meinte difor at det først var ved: «(…) en tiltagende udskiftning og deraf følgende udflytning (…)» at ein kunne vente at denne ulempa forsvann (26).

Lækjarmeldingane inneheld også konkrete døme på kor smittefarlege dei hygieniske tilhøva i stortuna i praksis kunne vere. Til dømes fekk desse tuna skulda for at tyfoidfeberen herja i delar av Hordaland i 1890: «Grunden hertil antager han at ligge dels i slette hygieniske Tilstande i Almindelighed, dels i at Udskiftning og Udrydning af de gamle Tun endnu i liden Udstrækning har fundet Sted» (27, s. 140). Eit anna døme kan hentast frå lækjarmeldinga 1878 om Nordfjord: «(…) i Aarets sidste Halvdel vandrede den [tyfusepidemien] saagodtsom fra Hus til Hus blandt de langs Eidsfjordens Nordside liggende Gaarde i en Strækning af 2 Mile (…) 14 Tilfælde forekom paa Hoplandsgaardene (delvis Indviken, delvis Gloppen tilhørende), hvor Sygdommen herskede fra tidlig om Vaaren med Afbrydelse i Sommermaanederne til sent paa Høsten. 10 Tilfælde fra August til November indtraf paa Gimmestadgaardene i Gloppen (…)» (23, s. 205). Valdemar Lyslo hevda i 1940 at om ein tok føre seg dei gardane der sjukdomen herja mest, så såg ein raskt at det var i dei største og tettaste tuna at tyfoidfeberen var mest utbreidd, då desse var dei skitnaste og vanskelegaste å desinfisere: «Smittestoffet, som det finst mykje av i avføringa, spreidde seg frå sørpedungen og rundtom i tunet. Og elles hjelpte flugene til å spreide smitta frå hus til hus, eller dei fekk ho gjennom drikkevatnet frå bekken, som ofte var infisert» (16, s. 72).

Utskiftingane – ei hygienisk vinning

Mot slutten av 1800-talet viser kjeldematerialet at det vart mindre klager på hygieniske tilhøve i tunskipnaden, særleg i Møre og Romsdal. Dette hadde truleg samanheng med at utskiftingane hadde byrja tidlegare i dette fylket enn i Hordaland og Sogn og Fjordane, og at ein difor hadde sett utflytting av fleire stortun. I 1890 såg ein i mange bygder i Møre og Romsdal at: «Gaardene er udskiftede, man ser ikke disse Klynger af gamle faldefærdige Rønner, halvveis begravet i al Slags Svineri, som mange andre Steder paa Vestlandet» (27, s. 191).

Distriktslækjaren i Nordfjord hadde kommentert prosessen alt i 1860: «… naar Udskiftning af Gaardparterne og deraf følgende Udflytning er kommen i Gang» (12, s. 90), så skulle det betre seg også på dette rurale området. Knappe tre tiår seinare, i 1888, heiter det seg frå same området: «I Gloppen fortsættes Udskiftningen og antages at ville som intet andet bidrage til at forbedre de sanitære Forhold. I de gamle tæt bebyggede ‘Tun’ er Hygienen slettest mulig, og Gjennemførelsen al Sundhedsvedtægterne ofte umulig» (24, s. 174). Kjeldene peikar ganske tydeleg på at utskiftingane førte til at tilhøva endra seg, også smittefaren og hygienen. Distriktslækjaren i Nordfjord er eit godt døme på at ein såg dette allereie i samtida: «I Gloppen spores stadig fremgang i de hygieniske forholde. Utskiftningen fortsettes med kraft og trekker mange fordeler med sig» (27, 28).

Som distriktslækjaren i Nordfjord skreiv i 1900, hadde denne reformprosessen gjort mykje postivt for området, ikkje minst for dei hygieniske tilhøva: «Her har nu omtrent overalt været Udskiftning, saa man ikke længer ser disse Klynger af Huse, liggende lige ind paa hverandre, saa de tager baade Lys og Luft fra hverandre. Særlig var Tunene mellem disse Huse ofte rentud grufuldt skidne paa Grund af de mange utætte Gjødselbinger, der laa saa nær hverandre» (29, s. 185). Konklusjonen vart difor at: «Udskiftningen fører jo med sig, at hvert Vaaningshus ligger for sig. Dette er i og for sig selvfølgelig et stort Gode. Men dette, at Husene ligger for sig, ikke generes af Naboer, og at Eieren saaledes ‘raaer Grunden alene’, gjør ogsaa, at han faar mere Lyst til at holde alt sit pent og iorden» (29, s. 185).

Sjølv om doktor Rummelhoff kunne melde at «der har i disse aar været utskiftning paa de fleste gaarder, saa der nu ikke er noget av de gamle fæle tun igjen» om Nordfjord i 1909 (30, s. 171), var tunskipnaden likevel på ingen måte borte. På same tida meldte til dømes amtsagronom W. Jaastad frå om at fellestuna var «(…) en meget farlig Bebyggelse» når det braut ut smittsame sjukdomar i Hordaland (31, s. 7).

Det er elles interessant å sjå at medan det i løpet av siste halvdelen av 1800-talet var mange klager over dei hygieniske tilhøva i stortuna i teigblandingsområdet på Vestlandet og i Nord-Noreg, fann ein få slike klager frå distriktslækjarane i dei austnorske fylka. I dette området var det eit anna epidemisk klima – og ikkje minst: ein annan tunstruktur. Enkeltliggande gardar var den vanlege busetnadsforma.

Hygieniske tilhøve og lovarbeidet

Sett mot problemstillinga i innleiinga, viser kjeldene at lækjarstanden tydelegvis var oppteken av fellestuna sine negative hygieniske følgjer. Om ein derimot ser på den rettshistoriske forskinga som omhandlar norsk utskiftingsrett, viser den at hygiene og smittefare ikkje spelte noka større rolle i førearbeidet fram mot utskiftingslovene. Dette gjeld både den førebels lova av 1821 og den langt meir omfattande lova av 1857. 1821-lova hadde ikkje same fokus på oppsplitting og utflytting av dei mangbølte tuna som 1857-lova skulle få, og manglar heilt merksemd på hygieniske tilhøve. Dei hygieniske tilhøva er interessant nok heller ikkje vektlagt i det omfattande kommisjonsarbeidet som vart utført fram mot 1857-lova, og rettshistoriske granskingar viser at emnet knapt nok vart drøfta i dei årelange og omfattande stortingsforhandlingane (9).

At emnet potensielt spelte ei indirekte rolle, er likevel mogleg, sidan distriktslækjarane alt frå lova vart vedteken, har påpeika samanhengen mellom tunskipnad og hygieniske tilhøve. Ifølgje Aina Schiøtz ønskte distriktslækjarane å nytte medisinalmeldingane medvite som eit reiskap for å betre helsetilstanden og få tilført fleire ressursar til helsestellet (22). Sjølv om kjeldene viser at utskiftingane innebar ei betring i dei hygieniske tilhøva på gardar der det tidlegare hadde vore store fellestun, er det likevel vanskeleg å finne spor etter meiningane til dei medisinske embetsmennene i lovførearbeida til dei juridiske og agrare embetsmennene og politiske aktørane som stod for den praktiske og formelle utarbeidinga og vedtaka av utskiftingslovene.

Ei mogleg årsak er at svært få legar var oppnemnde til offentlege utval før dei siste tiåra av 1800-talet. Det var ikkje mange legar i landet, og dei få som vart nytta, var som regel universitetstilsette professorar eller andre framståande legar i hovudstaden utan innsikt i tilhøva i bygde-Noreg. Distrikslækjarane på Vestlandet sin otte over dei hygieniske tilhøva i fellestuna ser difor ikkje ut til å ha nådd fram til lovreformatorane, trass i at også kommisjonane som utarbeidde utskiftingslovene var dominert av embetsmenn med tilknytting nettopp til denne landsluten (9).

Ein må også sjå dette opp mot at distriktslækjarane på midten av 1800-talet representerte det Aina Schiøtz omtalar som den svakaste embetsmannsgruppa i landet, med status bak til dømes juristar, prestar og militære (21). Sunnheitslova og sunnheitskommisjonane kom også først i 1860 og kan difor heller ikkje ha påverka kommisjonen som utarbeidde utskiftingslova på 1850-talet. I tillegg spelte sunnheitskommisjonane ifølgje William Hubbard ei større rolle i byane enn på landsbygda (21), noko som understrekar at denne helsemessige nyvinninga fekk lite direkte innverknad på den rurale utskiftingsrørsla.

I kva grad sunnheitskommisjonane og signala derifrå likevel inspirerte bøndene til å ta utskiftingslova i bruk, er derimot eit anna spørsmål det kunne vore interessant å granske. Det har vorte hevda at distriktslækjarane og kommisjonane gjerne møtte mykje motbør frå bøndene (17), og ifølgje Aina Schiøtz var det først på 1900-talet at distriktslækjarane kunne rapportere om nye haldningar hjå bygdefolket og ein meir «sivilisert» og «hygienisk» livsførsel (21).

Konklusjon

Med utskiftingane fekk kvar huslyd ei tomt for seg sjølv, der dei rådde grunnen og kunne stelle seg sjølve utan omsyn til driftsformer eller hygieniske tilhøve hjå grannane. Samstundes førte utflyttinga frå dei gamle fellestuna også til at ein oftast sette opp færre, større og luftigare bygningar. Ikkje minst vart den ein gong så vanlege dynga utanfor våningshuset midt i tunet avløyst av ei dynge på baksida av ei ny driftsbygning, med god avstand frå våningshuset.

I denne artikkelen har vi sett at dei hygieniske tilhøva i dei store fellestuna kunne vere ei utfordring, med sine mange titals bygningar og personar tett i tett. Ikkje minst viser kjeldene at blandinga mellom inn- og uthus var ei utfordring, og lækjarane var særleg negative til det å ha møkadynger både utanfor bustadhus og fjøs. Ein analyse av medisinalmeldingane og anna kjeldemateriale viser at distriktslækjarar, amtmenn og andre embetsmenn var opptekne av denne utfordringa gjennom fleire tiår, og dei såg at oppbrot og utflytting frå tuna var ein viktig veg til betre hygieniske tilhøve.

Dei stadige klagemåla frå desse embetsmennene viser seg likevel å ha hatt svært lite å seie for utarbeidinga av utskiftingslovene som skulle påverke bondesamfunnet i stor grad frå midten av 1800-talet og frametter. Smittefaren og dei hygieniske tilhøva i dei store fellestuna var ikkje nemnt i dei omfattande førearbeida til utskiftingslovene på 1800-talet. I kva grad dei negative synspunkta på den tette fellestunbusetnaden likevel var med på framskuve innmarksutskiftingane i dei einskilde områda og slik var ei potensiell årsaksforklaring bak reforma, er vanskeleg å påvise.

Ein må likevel kunne konkludere med at opplysingane frå medisinalmeldingane og opprettinga av sunnheitskommisjonar var av dei mange faktorane som bidrog til å få den gamle tunskipnaden oppløyst, om enn indirekte, som ein del av det Aina Schiøtz omtalar som ein kulturkamp for å implementere dei nye hygienekrava i 1800-talets Noreg (21). Ikkje minst er det ut frå det distriktslækjarane stadig hyppigare rapporterte om fram mot slutten av 1800-talet, klart at oppløysinga av tuna som verknad betra dei hygieniske tilhøva og det epidemiske klimaet i dei bygdene der ein tunskipnaden tidlegare var vanleg.

Artikkelen er fagfellevurdert.

Anbefalte artikler