Kommentar
RE: Øyeblikkeleg hjelp-døgnopphald i seks kommunar på Sun
Forfattarane svarar:
Takk for ein svært relevant merknad til vår artikkel. Dette er ei hovudproblemstilling for desse ØHD-sengene. Tilbodet skal vere eit alternativ til innlegging i sjukehus, og med minst like god kvalitet (for pasienten). Sitatet frå legen må ikkje trekkast for langt; det er faktisk diagnostisk tilbod i sengene slik vi erfarer det, og styrka legeteneste slik at fast lege er tilgjengeleg på dagtid med beredskap ettermidddag for dei fleste tilboda, og tilgang legevakt helg/natt. Men svært overvakingskrevjande pasientar, som krev hyppige legetilsyn gjennom heile døgnet, vil ikkje vere eigna for dette tilbodet. Kriteriene for innlegging i desse kommunane er at problemstillinga i hovudsak er avklart før innlegging. Vi vonar at vi i løpet av nokre få år kan ha gode data som også kan gje svar på denne svært viktige problemstillinga.
Tidsskrift for Den norske legeforening, Postboks 1152 Sentrum, 0107 OSLO
Sentralbord: 23 10 90 00 • E-post: redaksjonen@tidsskriftet.no
Sjefredaktør Are Brean • Tidsskriftet redigeres etter redaktørplakaten