Nokre ord om argumentasjonen til Malt.
Fram til Aftenposten 28. juni køyrde sak på det, var professor Ulrik Malt tilsynelatande utan kjennskap til kritikken mot 22. juli-dommen som Alv A. Dahl har reist. Men når no Malt endeleg har kommentert Dahl, må eg seia at han stadfester det inntrykket han gav i Aftenposten: Malt argumenterer fyrst og fremst utifrå autoritet. Sin eigen autoritet.
Malt argumenterer med at han var til stadar i rettsalen. Mellom linene: Det var ikkje Dahl, og du, lesar, bør høyra på han som var til stadar i lukka rett.
Malt argumenterer med at det er få som meiner det Dahl meiner («at Dahl ikke er helt alene om å mene at gjerningsmannen var psykotisk»).
Og Malt har Noreg på si side: Det skulle sanneleg teke seg ut dersom ein hadde tuft domen på DSM-IV når det er ICD-10 som gjeld i Noreg. (Oslo Tingrett sjølv, deriomot, meinte at det var i deira makt å gjera alt som kunne opplysa saka på best mogeleg måte — det var dette som var grunnlaget for det heilt «unorske» det var å utnemna eit psykiatriteam nr 2.)
Malt gjev inntrykk av å vera ute etter harmoni: Med tilstrekkjeleg psykiatrisk opplysning av saka, hadde nok dei psyikatriske ekspertane landa på same presise synspunkt som Malt.
Men kritikken frå Dahl, kan Malt altso ikkje tola. Ikkje for det: Kven kan vera overraska over at ein kjem og prøver å dyssa ned usemja kring 22. juli-domen? Dette er som ein kunne venta seg.
I motsetnad til Malt, står Dahl fram som open. Det er er klårt at Malt nok truleg har rett i at Dahl hallar imot at gjerningspersonen var psykotisk. Men eg kan ikkje sjå at Dahl har konkluderert. Malt, derimot, passar på å plassera Dahl i boksen med det same. Når Malt sjølv står i ein boks, er det so klårt lettast slik …
Det er elles med undring eg ser at Malt synest det er tenleg å samanlikna gjerningspersonen frå guteromet med Himler på høgda av si makt. Litt mindre underleg er det at han dreg inn gjerningspersonane frå 11. september. Men 11. september hadde stått fram som meir relevant dersom ogso 22. juli hadde hatt 19 samarbeidande gjerningspersonar.