Old Drupal 7 Site

Dr. Torgersen – distriktslegen i våre hjarte

Bergljot Engeset Om forfatteren
Artikkel

Oddmund Sigurd Lund Torgersen (1896 – 1972) var berre 27 år då han kom frå Nøtterøy i det milde Vestfold og skulle ta til som einaste lege i eit vilt og veglaust fjell- og fjordlandskap i Møre og Romsdal og på Nordvestlandet. Stranda legedistrikt omfatta bygdene Dyrkorn, Stordal, Stranda, Hellesylt, Geiranger og alle dei avsidesliggande gardane i fjellsidene langs Geirangerfjorden, Sunnylvsfjorden og ein del av Storfjorden. Den gongen budde det fleire hundre menneske på desse gardane, og dr. Torgersen var på sjukebesøk hos dei fleste. Det er knapt nokon person utanom eigen familie fjordfolket minnest med større kjærleik enn distriktslege Torgersen.

Oddmund Torgersen var fødd på garden Skjerpe, Nøtterøy, 2. august 1896. Faren, skipsførar Ole Torgersen frå Tenvik, omkom i 1915. Mora, Sofie Lund, var dotter til lærar Anders O. Lundh på Skjerpe. Bror til Oddmund, Ebbe, var også lege. Oddmund Torgersen tok over garden og pakta han vekk i 1932 (1). Dr. Torgersen hadde då budd åtte år på Stranda, og treivst godt. Den gamle odelsgarden på Nøtterøy vart eit årvisst sommarferiemål.

Oddmund Torgersen var distriktslege i Stranda frå 1924 til 1964. – Knapt nokon har gjort ein meir sjølvgløymande innsats i yrket sitt, sa fylkeslege Gørvel Dahll då distriktslegen i 1959 vart heidra med Kongens gull. Foto Karl Vassbotns arkiv

Det første møtet

Scena er kaia på Stranda ein vakker februardag i 1924. Nydokteren skal kome med rutebåten, og bygdefolket på kaia er spente på kva slags kar det er: ”Ein ung og nybaka sprett, venteleg, med nasen i sky. Der stod han visst på dekket, huelaus og hutrande med ei bydame under armen. Å – jau. Pipa i munnen naturlegvis. Sjølvsagt måtte han helse på ordføraren, han hadde endåtil hoppa om bord. Og der kom skipperen. No vanta visst berre presten, så var der nok ikkje fleire å helse på. Men skulle du sett på maken! Då paret gjekk i land, helsa dei forsyne meg på gud og kvarmann!” Det er lærar og hotelleigar Helge Hellebust som slik skildrar det første møtet mellom lege og distrikt (2).

”Bydama” nydokteren hadde under armen, var Aslaug Hanssen Torgersen frå Vinger – dokterfrua. Det unge paret var nygift, vigde i Kongsvinger kyrkje ei veke før dei kom til Stranda. 27-årige Oddmund Torgersen, med medisinsk embetseksamen frå Kristiania i 1923 – hovudkarakter laud – og kortare praksisperiode som konstituert distriktslege i Edøy og Lyngdal, var den yngste distriktslegen som har vore i denne stillinga på Stranda. Seinare kom også Aslaug si tvillingsyster, Ruth, og vart Torgersen sin gode medhjelpar. Dokterparet fekk ein son, Edgar, som var psykisk utviklingshemma.

Fann seg til rette

Dokterparet som steig i land på Stranda, hadde ikkje langt å gå før dei var ”heime”. Det var berre å rusle nokre meter opp mellom dei gamle buene og nausta, krysse allmenningen, så låg hotellet og doktergarden på eine sida og den vesle, kvitmåla Stranda kyrkje på den andre sida. ”Frå første dag dr. Torgersen kom til Stranda legedistrikt fann han seg til rette i bygdemiljøet. Han vart eitt med folket sitt i lag og lyd, gledde seg med dei glade og syrgde med dei sorgfulle,” siterer vi Stranda-ordføraren.

Historia om dr. Torgersen handlar ikkje berre om ein fagleg sterk, samfunnsengasjert, offerviljug distriktslege og 40 års framifrå offentleg helsearbeid. Historia om dr. Torgersen er like mykje ei kjærleikshistorie. Legen og medmennesket Torgersen løyste ut djupe og varme kjensler hos fjordfolket og eit mot til å uttrykkje desse kjenslene i skrift og tale. Sjeldan ser ein vakrare hyllingsord i lokalpressa enn dei som vart dr. Torgersen til del. Sjølv var folketalaren og poeten Torgersen aldri redd for blomstrande vendingar. Han var raus med å gi folk status som ”min beste venn”, og då ein av dei fylte 60 år, skreiv han i avisa: ”Arbeid og strev alene klarer ikke å gjøre en mann gammel. Jens Rødset er et levende bevis for at ung er den og ung blir den som har ungdommens stjerner i sitt sind og ungdommens godhet i sitt hjerte” (3).

Forgjengarane

Frå 1861 utgjorde fjordbygdene Norddal, Stranda, Ørskog og Skodje Austre Sunnmøre legedistrikt, med legen, Christian Anton Kahrs (1833 – 93), busett i Ørskog. Han fekk m.a. trykt ei ”populær Fremstilling af Skab og dens behandling” til bruk for innbyggjarane i legedistriktet sitt. Elles var det sorpholene – avfallsdungane – rett utanfor stoveveggane Kahrs i stor grad førde kamp mot (4, 5). Både Kahrs og Einar Thesen (1847 – 1928), som kom til distriktet i 1877, vart sett på som svært dugande legar. Ørskog og Skodje var no skilt ut som eige distrikt, og Stranda gjort til sentrum for Austre Sunnmøre. Thesen vart buande på Stranda i 16 år, og blir sitert i Norges Læger : ”Livet har ikke været anderledes end for distriktslæger i sjø- og fjelldistrikter i almindelighed, af og til udsigt til at drukne, af og til anledning til at slaa sig ihjel” (6).

Dr. Svein Ruud Holtermann (1854 – 1916) kom til Stranda i 1904. Norges Læger rapporterer: ”Storfjorden er ogsaa veirhaard, men siden han i 1904 anskaffede sig dæksbaad med motor, har han ikke været udsat for nogen fare – uden ved sneskred, som er hyppige der. Til flere saakaldte strandgaarde er der meget brat vei, som specielt om vinteren kan være farlig at gaa for uvante” (6). Etter Holtermann var Martinius Alm (1868 – 1926) distriktslege i Stranda. Han var kjend for sine gode replikkar, og det lever mange anekdotar etter han. Etter å ha motteke eit av dei mange skriva frå det offentlege, utbraut han ein gong: ”Det er visst departementet sin mening at vi leger skal sette oss til å add -ere i stedet for å kur -ere” (4).

Kvifor helt?

Det er mange grunnar til at dr. Torgersen i fjordbygdene er blitt ståande som sjølve symbolet på ”helten i den kvite frakken”. For det første var han her lenger enn nokon annan distriktslege. Han vart kjend med fleire generasjonar i same slekta og fekk godt innblikk i arv og sjukdomsdisposisjonar – noko som sjølvsagt kom ”diagnosemeisteren” til nytte. I dei 40 åra Torgersen var på Stranda, såg nabodistriktet Norddal ikkje mindre enn sju legar kome og gå. Dette førde til at Torgersen ofte også hadde Norddals-bygdene å ta seg av: ”Konstituert som distriktslege i Norddal ble dr. Torgersen i Stranda som foretok en reise rundt hele distriktet hver fredag, og holdt mottakelse i alle bygdene,” skreiv distriktslege Bø i medisinalmeldinga si for Norddal i 1960.

I 1931, medan dr. Torgersen var kandidat ved Vestfold fylkessykehus i Tønsberg, vikarierte Sivert Kvinnsland (1903 – 95).

Medan andre distriktslegekapasitetar på den tida kanskje let etter seg større medisinske arbeid, brukte dr. Torgersen alt han hadde av tid og krefter i lokalsamfunnet. I ei tid det nesten ikkje fanst framkomelege vegar i distriktet, då langtfrå alle hadde telefon og telefonstasjonen dessutan var nattestengd, kunne det å få fatt i ein lege som farta rundt i tre kommunar, vere meir enn problematisk. Då var det godt å vite at fekk ein først bodsend Torgersen, så kom han. Uansett tid på døgnet, vér og føre. Alvorlege sjukdomar og uvér hadde elles ei uforklarleg evne til å kome samstundes. Då dei på den vesle fjellgarden Åkernes ein vinterdag skulle varsle dr. Torgersen, måtte dei først ro til Hellesylt for å få telefonert: 12 kilometer kvar veg. Då Torgersen midt på natta nådde Åkernes-naustet og skulle ta seg opp dei bratte og glatte bakkane i snøkaven, fann Åkernes-karane det tryggast å slå eit tau rundt livet på den dyrebare dokteren. Og slik kom Torgersen til gards den gongen.

Det var ei vakker, lita bygd dokterparet kom til i 1924. Hotellet og doktergarden på Stranda fremst til venstre. Foto Martin Ringstads arkiv

Dr. Torgersen med sine to kvinner, Aslaug og Ruth, og ”sjåfør” Edgar i dokterhagen. Privat foto. Ukjend fotograf

Medisinalmeldingane

Det var tuberkulosen som var største trugsmålet for helsa i distriktet i 1920-åra. Dr. Torgersen melder også om paratyfus, akutt poliomyelitt, skarlaksfeber og meslingepidemiar som til dels var vondarta med alvorlege komplikasjonar. Elles er helsetilstanden i distriktet god, seier han i den første medisinalmeldinga si: ”Alkohol og tobakk er litet utbredt som nydelsesmidler. Folket er meget edruelig og staar moralsk set høit.”

Etter krigen var det aukande krefttilfelle og poliomyelitt som uroa distriktslegen. ”I årets to siste måneder hadde man i Sunnylven en forholdsvis stor epidemi av poliomyelitis acuta; 8 tilfeller. 6 av disse fikk mer eller mindre lammelser, 2 ble isolert i sykehus og en av disse avgikk ved døden. 2 fikk ikke lammelser, men hadde ellers alle kliniske symptomer på poliomyelitt. For å hindre videre utbredelse av sykdommen hadde man en tid møteforbud over hele Sunnylven,” skreiv han i medisinalmeldinga for 1945. Også dyspepsi såg han meir av: ”I de første måneder etter freden var det påfallende lite sykdom, utover høsten tok sykdomstilfellene atter til å øke. Nu var det ikke lenger dyspepsiene som dominerte, men de nervøse og neurastheniske lidelser ble mer og mer hyppige. Dette kan kanskje ha sin årsak i en viss avslappelse, en psykisk reaksjon, etter okkupasjonstidens harde påkjenning.”

Utdrag av tuberkuloseprotokollen viser at dr. Torgersen i 1924 behandla om lag 40 tuberkulosepasientar, for det meste med lungetuberkulose, i distriktet. Dei fleste tilfella var av eldre dato, men han oppdaga også mange nye tilfelle. I medisinalmeldinga si skreiv han: ”I det hele tatt synes det som om folkets motstandskraft overfor tuberkulose er forholdsvis liten. Årsaken til den nokså store utbredelsen av tuberkulose her i distriktet, er visst nok hovedsakelig å søke i en hel del uopdagede tilfeller av gammelmannstæring. Jeg har påtruffet flere slike kasus som tidligere har seilt under falsk flagg – bronchitis chronica. Men en del av skylden må nok også tilskrives de forandringer som i de senere år er skjedd i levemåte og klædedrakt.”

På eige initiativ tok Torgersen opp ein systematisk kamp mot sjukdomen og fekk han under kontroll. I åra 1932, 1933 og 1934 – før det vart ytt offentleg tilskott til tuberkulinprøvar – gjorde dr. Torgersen gratisundersøkingar med pirquetprøven av alle vaksne i legedistriktet. Også klinisk undersøking av alle pirquetpositive gjekk føre seg utan godtgjersle. Distriktslegen personleg dekte óg innkjøp av tuberkulin og reiseutgiftene han hadde i samband med tuberkulinprøvane. Då kommunane i 1956 søkte om Kongens fortenestemedalje i gull til Torgersen, opplyste dei at det framifrå arbeidet han gjorde i kampen mot tuberkulosen i distriktet, var allment kjent og påskjøna, og meinte elles at Torgersen si legegjerning hadde ”strakt seg langt ut over de grenser som med rimelighet kan kreves, selv av en distriktslege”.

Ikkje åleine

Distriktslegen var ikkje åleine om å utføre helsetenesta i bygdene. Rundt seg hadde han dugande, ansvarsbevisste einskildpersonar og lagsfolk. Dei næraste medhjelparane var dokterfrua og svigerinna hans, søster Ruth. Utan dei hadde han ikkje greidd alt som låg på han. Ruth døydde i 1953 og er gravlagd på Nordre Gravlund i Oslo. Det var dr. Torgersen som ordna med stein og innskrift: ”Du ofret dig for andre.”

Distriktslegen samarbeidde også tett med Stranda helselag, tilslutta Nasjonalforeningen. Dei fekk til eit lite folkebad, skulebarnsundersøking og spedbarnskontroll, dei kjøpte ambulansebil og stod for drifta av Stranda sjukestove. Møteprotokollane for helselaga, idrettslaga og ungdomslaga i distriktet fortel at dr. Torgersen var ein mykje nytta foredragshaldar i alle laga, og han vart heidersmedlem i Stranda Ungdomslag og Stranda Idrottslag. Det blir sagt at han aldri sa nei når dei unge bad han om noko. Når Torgersen byrja ta ordet på tilstellingar, var det først og fremst folkehelsa han hadde i tankane. ”Ungdom og sporten” og ”Badingen og dens betydning for folkehelsen” var populære tema. Sjølv vart han tildelt Norges Svømmeforbunds Diplom for uegennyttig og oppofrende arbeid for svømmesaken på Stranda.

Stranda legedistrikt strekte seg frå Dyrkorn til Stranda og inn fjorden til Hellesylt og Geiranger – om lag 3 500 menneske. Når han vikarierte for Norddals-legen, hadde dr. Torgersen også bygdene og fjellgardane heilt inn til Tafjord å ta seg av. Kartteikning Stranda Sogenemnd

Dokterbåten

Det var fjorden som i stor grad var dr. Torgersens veg til dei sjuke. Den frykta Sunnylvsfjorden tråla han i alt slags ve_r, dag og natt. Saman med dei trugne båtførarane sine trassa han steinsprang og snøfonner, fjordis og nordvestkulingar: ”Den som rett vil kjenne captein Sivertsen, må ha sett ham på brua i Sunnylvsfjorden i storm eller snøkave. Uredd, rolig og dristig gikk han fjorden i allslags vær. Om stormen hylte sin dødssang i riggen eller om snøkaven sto tjukk som en vegg, captein Sivertsen kom alltid fram” (7). Om ”døkteren og kaf’teinen” finst det eit utal historier: Dei forliste, dei rende på land, dei hamna i fonner og fjordis, dei krangla og vart venner att.

Den siste dokterbåten var Luna, med Olav Oksvik som skipper. Sonen, Sverre, var hjelpemann og hugsar mange strie tørnar: ”Ein rutedag-tur til Geiranger og Hellesylt starta frå Stranda klokka 9 om morgonen. Etter å ha gjort det vi skulle i Geiranger, var vi gjerne på Hellesylt ved 18-tida. Då byrja kontordagen der. Stod det nokon og vinka på oss i Matvika eller på Åkerneset, vart vi endå seinare. Heime att på Stranda var vi ikkje før 2 – 3 tida om natta. Og då hende det ofte at vi fekk bod om å leggje ut att så fort vi kunne. Ei natt var vi på tre slike ekstraturar til Stordal. Og klokka 9 stilte dr. Torgersen på kontoret på Stranda som vanleg. Han hadde heldigvis fått sove litt om bord i båten. Då far sette inn ny og større motor i Luna, fekk han kjeft av Torgersen. Båten gjekk fortare og brukte kortare tid på strekningane – og dokteren fekk mindre sømn!”

Festtalar og heidersgjest

”Når jeg ser tilbake på den tid jeg har virket her i Stranda lægedistrikt, har det vært en eventyrlig utvikling på alle medisinens felter. Tuberkulosen som sykdom er jo på det nærmeste utryddet over hele distriktet. Vi har fått gransking av skolebarn hvert år, med tuberkulinprøving av alle skolesøkende barn, og BCG-vaksinasjon av barn i 6. og 7. klasse. Vi har fått skjermbilde-fotograferingen og diagnosestasjon i Ålesund. Vi har fått spebarns- og småbarnskontroll gjennomført i distriktets samtlige 3 herreder, og vi har fått årlig tilsyn med skolebarnas tenner. Alle svangre kvinner kommer nu jevnlig til kontroll. Komplikasjoner under svangerskap og fødsel er blitt meget sjeldne.

I over et år har vi nu hatt en fast ansatt kommunal helsesøster for hele distriktet. Idrettsplasser er blitt bygget. Ungdommen gis bedre og bedre høve til å drive de forskjellige greiner av kroppsøving. Ernæringen er blitt mye bedre, klesdrakten mer hygienisk og våre boliger lysere, luftigere, varmere og sunnere. Alle hygienens krav er blitt strengere, og resultatet er at folkehelsen stadig blir bedre. Har dere virkelig tenkt helt igjennom hva alle disse tiltak, hva alle disse goder innebærer?” Det var festtalaren, dr. Torgersen, som ordla seg slik då Stranda sjukestove vart opna 17. mai 1956:

”For meg personlig som i ett distrikt har opplevet all denne grotid og utvikling, så er det hele som et stort og deilig eventyr. Men det er ikke bare på det hygieniske området at tiden har gått fram. På det rent medisinske felt har det vært en like rivende utvikling med nye landevinninger. Vi har fått insulinet ved sukkersyke, leverpreparatene, sulfapreparatene og penicillinet ved infeksjonssykdommer. Hygienen, ja den medisinske forskning arbeider utrettelig videre med det formål å hjelpe syke og lidende mennesker. Med andre ord: å gjøre den enkelte frisk, sterk og glad, og gi hele folket sunnhet og lykke. Sjukestova skal ikke bare være et monument over det som er forbi, den skal ennu mer være fyrtårnet, lyskasteren, viljens flammebluss inn i fremtiden, den store veiviser fremover mot alltid større oppgaver, mot alltid lysere mål, mot et større Soria Moria.”

Mønsterbygd

”Der er i distriktet enkelte mindre fabrikker, men de beskjeftiger forholdsvis få arbeidere og er foreløpig av mindre betydning,” sa dr. Torgersen i første medisinalmeldinga si frå bygda som seinare skulle bli kalla ”møbelindustriens vugge”. Det var framveksten av det sunnmørske industrieventyret dr. Torgersen her fekk studere på nært hald. I løpet av få tiår skifte Stranda ham frå bondebygd til industristad. Bygda vart sett på som eit mønster, med god harmoni mellom jordbruk og industri og med eit næringsliv som var i rik vekst. Det største saknet galt vegsamband. Først i 1936 vart det veg over fjellet til Sykkylven, men til Hellesylt fanst ingen annan veg enn den bratte Ljøbrekka når fjorden ikkje var farbar.

”Visst har det letna med reisene etter at ein fekk brøytte vegar og bilskyss i staden for hest. Ein skulle likevel unne distriktslækjaren at vegen Stranda-Hellesylt snart vart ferdig. Det ville bli ein veldig lette for han,” sa ordførar Lillebø i 1949. Det skulle gå mange år før så skjedde, og for dr. Torgersen kom den etterlengta vegen i seinaste laget. Etter at Aslaug Torgersen døydde i 1960, hadde dokteren og Edgar vore åleine i doktergarden. Den gamle distriktslegen var trøytt og sliten og sjuk. Han utsette å søkje legehjelp, og tydde til eige medisinskåp når kreftsmerter og livssmerter skulle døyvast. I juli 1964 skriv fylkeslege Gjørvel Dahll til Helsedirektoratet: ”Det mangler melding fra Stranda sjukestove. Tilslynslegen var syk og ute av stand til å avgi noen rapport. Nu er han reist fra distriktet.”

Det strøymde på med blomsterhelsingar frå heile distriktet då dr. Torgersen fylte 50 år. På biletet ser vi jubilanten mellom fru Aslaug og søster Ruth. Foto Karl Vassbotns arkiv

Avskil

Ein februarkveld i 1964 vart det halde avskilsfest for Torgersen på Dreges Turisthotell. Det folk fekk høve til å seie direkte til han den gongen, er det same som blir sagt om han i dag. ”Dr. Torgersen var ein kløppar til å stille diagnose, og var han i tvil, var vegen til sjukehuset ikkje lang,” sa tidlegare ordførar N.E. Ringset. Dåverande ordførar Reidar Skarbø slutta sin tale slik: ”Det mest vanlege ordet i dag er å tene mest mogeleg – men du ville heller tene andre. Det var ditt ideal.”

Det var ikkje mange dr. Torgersen hadde kontakt med etter at han kom tilbake til Nøtterøy. Familien var liten, nære omgangsvener hadde han ikkje. Han prøvde sjølv å stelle huset for seg og sonen, men vart etter kvart for sjuk og kom til Gipø pleieheim på Nøtterøy. Her låg han den siste tida etter han var stomioperert. Dr. Oddmund Sigurd Lund Torgersen sovna stille inn søndag 5. mars 1972, 75 år gammal.

Mange og djupfølte var minneorda som fylte avissidene etter at sørgjebodet om dr. Torgersens død nådde fjordbygdene: ”Distriktslækjar Oddmund Torgersen vigde sine krefter i eit hardt distrikt si teneste. Det umenneskelege slitet sette nok etter kvart sine synberre spor på helsa. For oss i Sunnylven vaks lækjaren og mennesket Torgersen med åra – og med slitet. Vi vil alltid minnast Torgersen som den elskverdige, milde og omgjengelege folkets mann han var – som menneske og mellom menneske” (8).

Etter eige ønske vart dr. Torgersen gravlagd på Stranda. Gravferda var 20. mars, og den vakkert pynta kyrkja var fullsett av folk frå alle bygdene i det gamle distriktet hans: ”Torgersen fekk etter kvart ein plass i folkesinnet som ingen annan i Stranda har fått,” sa sokneprest Helgesen i talen sin. I 1982 vart det reist minnestein over distriktslege Oddmund Torgersen i Stranda sentrum.

Anbefalte artikler