Old Drupal 7 Site

Om plikt, profitt – og det gode liv

John Nessa Om forfatteren
Artikkel

Rosenberg, Göran

Plikten, profitten og kunsten å være menneske

227 s. Oslo: Flux forlag, 2005. Pris NOK 298

ISBN 82-996657-7-9

I Palazzo Pubblico, rådssalen i rådhuset i Siena, har Ambrogio Lorenzetti malt ein serie freskoar som framstiller det vonde bystyret, tyranniet, og det gode bystyret, republikken. Freskoane, som pregar omslaget av denne boka, er frå rundt 1340 og framstiller ideen om at mennesket sjølv – ikkje Gud – avgjer kva slags samfunn dei lever i. Göran Rosenberg reflekterer over kunsten å vere menneske og kunsten å byggje opp eit samfunn. Han er svensk journalist og forfattar med jødisk bakgrunn. Han har skrive ei bok som ikkje var tenkt som ei bok, men som ein pamflett. Pamfletten skulle vere ein protest mot den ukritisk aksepterte ideen at aktivitetar som hittil har vore driven av plikt, i staden kan drivast av profitt. Mot den ideen at med profitt som drivkraft ville sjukepleien bli meir effektiv, eldreomsorga meir menneskeleg og skulen meir vital.

Boka handlar om meir enn spørsmålet om profitt i helsevesenet. Bokas bærande idé er at det er ein nødvendig konflikt mellom plikt og profitt. Begge er nødvendige, avhengige av kvarandre og samstundes uforeinlege. Forfattaren argumenterer med referansar primært frå antikk filosofi, samfunnstenkingen hos dei romerske forfattarane og opplysningstidas filosofar. Det blir til ei bok om kva det vil seie å vere menneske, og kva konsekvensar det må ha for det politiske liv om vi skal lukkast å byggje eit rettferdig og godt samfunn. Rosenberg er politisk ukorrekt. Han er raudgrøn i kritikken av den nyliberale forteljinga om det endeleg befridde individ på den endeleg befridde marknaden. Men han er blågul konservativ i kritikken av den nyradikale sosialhygienen som vil fjerne religionen, les: bordbøn, julegudsteneste etc. frå våre kollektive institusjonar. Ifølge Rosenberg er det moderne samfunn utenkeleg utan kapitalismen. Men det er også utenkeleg «uten religionen. Eller uten kollektive forestillinger om dyd og ansvar. Eller uten plikter» (s. 138).

Det er vår avhengighet av andre menneske som gjer oss til menneske. Vi er alle fortalt, og vi fortel alle vidare. Menneskets lodd er å føye saman skjebne og strid, det gitte med det uskrivne, lenkene med fridommen. Verdiar er ikkje noko vi vel. Det er omvendt: Det er verdiane som vel oss, grip tak i oss. Verdiar er del av vår skjebne.

Det verdfulle med denne boka er at den kommenterer dagsaktuelle problem i vestlege samfunn som det er vanskeleg å formulere. Og den gjer det på ein original og nyskapande måte.

Kari Bu har omsett boka frå svensk til godt norsk.

Anbefalte artikler