Old Drupal 7 Site

Primært for filosofiinteresserte

John Nessa Om forfatteren
Artikkel

Aristoteles

Retorikk

Omsett av Tormod Eide

271 s. Oslo: Vidarforlaget, 2006. Pris NOK 348

ISBN 82-7990-022-5

Vi kjenner alle Aristoteles frå filosofihistoria. Han levde frå 384 – 322 f.Kr., var lærar for Aleksander den store og utvikla ein filosofi som dominerte i mellomalderen, og som har danna grunnlaget for vitskap og logikk. Han var ein særs produktiv forfattar og lærar. Men dei fleste av dei litterære verka hans er gått tapt. Det ein sit igjen med, er ulike manuskript som truleg har tent som førelesingsmanus. Boka om retorikk er såleis ikkje ei samanhengande framstilling, men tre ulike bøker, bok 1, bok 2 og bok 3, sett saman til ei heil bok med ein til dels misvisande tittel – då store deler av boka eigentleg ikkje handlar om retorikk, men om psykologi.

Boka omhandlar ei uendeleg rekke tema. Det står sjølvsagt ein del om retorikk. Men her kan du også lese om kva som karakteriserer ein lovbrytar, kva det er som gir menneska glede, om vennskap, om mot, om skam og om korleis ein skal disponere ein tale. Det er over 70 kapittel. Setningane er kortfatta, stilen prega av oppramsing. Det er slitsamt og uengasjerande å lese, delvis også fordi avstand i tid og kultur gjer ein del emne uinteressante. I tillegg til sjølve kapitla er det ei forklarande innleiing av Tormod Eide. Ho er heilt nødvendig for å forstå boka. Til slutt er det ei liste over tilrådd litteratur. Kven omsetjaren er og kva fagleg bakgrunn han har, får vi ikkje vite noko om. Etter mi vurdering er det ein klar mangel.

Det er av stor verdi at denne boka no føreligg på norsk. Både fagfilosofar og andre med spesiell interesse for Aristoteles vil kunne ha glede av ho. Men er ein primært interessert i å få ei innføring i retorikk, har ein meir å hente av å lese forfattarar frå vår tid, som til dømes Georg Johannessen eller Jan Lindhardt.

Anbefalte artikler