Old Drupal 7 Site

Immunglobulin og serologiske testar

Dag Tveitnes, Reidar Hjetland, Knut Øymar Om forfatterne
Artikkel

Då dette sjukdomstilfellet på mange måtar er spesielt, både epidemiologisk (det første i Østfold) og klinisk (minner meir om Guillain-Barrés syndrom enn om skogflåttencefalitt), synest vi at diagnosen burde vore betre underbygd serologisk. Passivt overført TBE-IgG frå intravenøst immunglobulin vil forsvinne etter nokre månader, men etter gjennomgått skogflåttencefalitt ville ein vente livslang positiv TBE-IgG. Det går ikkje fram av kasuistikken om dette er kontrollert seinare, men etter vår meining ville det vere ei viktig styrking av diagnosen.

Anbefalte artikler