Old Drupal 7 Site

Strålende behandling

Marit Skaar Fjellhaug Om forfatteren

Kommentarer

(1)
Denne artikkelen ble publisert for mer enn 12 måneder siden, og vi har derfor stengt for nye kommentarer.
Einar Sudmann
Om forfatteren

Røntgenbehandling av artrosar var tidlegare vanleg. Ein artikkel publisert i Tidsskriftet i 1938 er no prenta på nytt (1). Der går det fram at kring 67% vart heilt bra eller vesentleg betre, berre kring 15% var upåverka av strålebehandlinga. Artikkelen nemner at ein ikkje heilt kan sjå bort frå "at suggestive momenter av og til kan... bringe et slags resultat".

Dette undersøkte dei i Gøteborg med ein dobbel blind studie; publisert i 1970 (2). Ein halvpart fekk røntgenstrålar. Den andre halvparten fekk tilsynelatande same behandling, men med ei blyplate i røntgenrøyret som hindra at strålane nådde pasienten. Alle pasientane hadde pålagt tannlegefilm i behandlingsområdet til verifisering av strålar - ikkje strålar. Samla vart kring 400 pasientar undersøkte; det er ikkje heilt samsvar mellom tekst og tabellar.

68% av dei som fekk strålar vart betre, 32% kjende ingen effekt eller vart verre. 64% av dei som ikkje fekk strålar vart betre, 36% kjende ingen effekt eller vart verre. Dette er om lag som resultata publisert i Tidsskriftet i 1938. Det var nok "suggestive momenter" som gav dei gode resultata i Gøteborg! Dermed vart det brått stopp å røntgenstråla artrosar.

Litteratur

1. Strålende behanding. Tidsskr Nor Legeforen 2015; 135: 1966.

2. Goldie I, Rosengren B, Moberg E et al. Evaluation of radiation treatment of painful conditions of the locomotor system: A double blind study. Acta radiologica: therapy, physics, biology 1970; 9: 311-22.