Kan legen Kari Nordmann titulere seg som dr. Kari Nordmann, sjølv om ho ikkje har doktorgrad?
Vi skriv til dykk som to tittelforvirra medisinstudentar. Vi har sett at ordet «doktor» i kvardagstale blir brukt synonymt med «lege», altså graden cand.med. I ordboka står det at «lege» er ei av tydingane av «doktor». Samtidig er tittelen «dr.» ofte reservert for dei som har tatt doktorgraden (utan at dei treng å vere cand.med.). Det er likevel ikkje uvanleg at legar titulerer seg med «dr.», sjølv om dei ikkje har tatt doktorgraden. Før hadde vi jo graden «dr.med.» for legane som tok doktorgrad, men denne graden blir ikkje gitt ut lenger. Vi lurer derfor på følgjande: Kan legen Kari Nordmann titulere seg som dr. Kari Nordmann, sjølv om ho ikkje har doktorgrad?
Internasjonalt har vi også graden M.D., som er kort for «Medicinae Doctor», og som svarar til den norske cand.med. Etymologisk er den til å forveksle med graden dr.med. Er det riktig av norskutdanna legar å bruke M.D. når vi kommuniserer internasjonalt? Bør vi ikkje heller bruke cand.med. då også?
I kvardagen ser vi jo at det sjeldan er forvirring om dette. Det er sjeldan pasientar tolkar «doktor» til å bety doktorgrad, og det er sjeldan doktorgradshaldarar ved ein feil blir tatt for å ha medisinsk utdanning (etter det vi kjenner til). Vi tykte likevel at dette var såpass interessante spørsmål at vi ville forhøyre oss med dykk.