Old Drupal 7 Site

Erlend Hem svarar:

Erlend Hem Om forfatteren
Artikkel

Torfinn Støve Madssen & Marius Tufte spør om to ting. Svaret på båe er ja.

Ein lege kan kalle seg doktor sjølv om han ikkje har doktorgrad. Grunnen er at doktor på norsk har to tydingar – anten er det ein lege eller så er det ein person som har fått doktorgraden etter doktordisputas eller som heidersutmerking (æresdoktor) (1). For språklege ordensmenneske kan det nok synest rotete at eit ord har fleire tydingar, men som språkbrukarar meistrar vi det godt. På engelsk hender det at ein skriv medical føre doctor, altså medical doctor, for å skilje det frå andre doktorar, men det gjer vi ikkje i norsk.

Støve Madssen & Tufte spør også om det er rett av norskutdanna legar å bruke M.D. når vi skriv engelsk. Sjølv om medisinarutdanningane i dei fleste land er nasjonale og difor skil seg meir eller mindre frå medisinar-utdanninga i andre land, er det for praktiske føremål ei akseptabel tilnærming å titulere alle legar med tittelen M.D. På same måten kan både norsk dr.med.-grad og norsk ph.d.-grad omsetjast til Ph.D. Norske legar med doktorgrad kan såleis bruke både M.D. og Ph.D. – etter namnet sitt, ikkje foran.

Men kvifor kallar ein eigentleg legar for doktorar? Doktor kjem frå det latinske ordet doctor, som tyder lærar, som igjen er avleidd av docere (lære, undervise). Opphavleg var doctor ein tittel på lærde menn (2). Det er lett å tenkje seg at dei som kunne mykje, også kunne lære bort, men det hadde ikkje noko med medisin å gjere. Det eldste eksemplet i Oxford English Dictionary er frå 1303, då det vart brukt om «Doctors of the Church» – det var kyrkjefedrar kjende for stor visdom (3). Etter kvart vart det nytta også om menn med den høgste akademiske graden. Kvifor det med tida vart så sterkt knytt til legar, har eg ikkje heilt klart å finne ut av.

Kan hende har det tvitydige i doktor gjort at mange nå for tida heller nyttar ordet lege. Gjennom første halvdelen av 1900-talet var doktor meir brukt enn lege, men frå slutten av 1950-åra snudde det, ifølge eit søk i det digitale Nasjonalbiblioteket (fig 1). Frå den tid har lege vore meir brukt enn doktor i norsk (4).

Figur 1  Frekvensen av orda «lege» og «doktor» i norske bøker. Gjennom første halvdelen av 1900-talet var doktor meir brukt enn lege, men frå slutten av 1950-åra snudde det. Frå den tid har lege vore meir brukt enn doktor (4)

Anbefalte artikler