Old Drupal 7 Site

Leiv Otto Watne, Torgeir Bruun Wyller Om forfatterne
Artikkel

Helsepersonell kan for lite om delirium, og majoriteten av tilfella vert aldri oppdaga. No blir det arrangert ein internasjonal dugnad for å redusere forvirringa.

14. mars 2018 har fleire internasjonale organisasjonar gått saman om å markere verdas deliriumdag, for å auke medvitet om delirium i helsetenesta og mellom folk flest (1). Når ein følgjer opp pasientar etter ei sjukehusinnlegging, er det mange som treng å snakke om at dei var forvirra under opphaldet. Mange plagast av at dei oppførte seg «dårleg».

Delirium har tre kjenneteikn. Det representerer ei forstyrring i klarleik og merksemd som kjem brått og skuldast akutt somatisk sjukdom, skade, forgifting eller abstinens (2). Bruken av sentrale omgrep i deliriumdiagnostikken er drøfta i språkspalteartikkelen Hvordan beskrive delirium (3). Det er vår erfaring at omgrepet delirium vert nytta oftare no enn før. Men mange er ikkje medvetne om at alle dei diagnostiske kriteria må vere oppfylte. Etiketten delirium vert nytta om pasientar som er urolege, aggressive og vanskelege å handtere. Men dette er ikkje obligate kjenneteikn. Pasientar som har slike symptom, men utan at alle kriteria for delirium er til stades, har etter vår erfaring som oftast demensrelaterte åtferdsforstyrringar. På andre sida finst det pasientar som oppfyller alle kriteria for delirium, men som ikkje blir identifiserte som deliriske av di dei ikkje er urolege.

Mange legar er vane med å vurdere om pasientane er vakne, klåre og orienterte (3). Gjer ein det systematisk, kjem ein godt i veg med deliriumdiagnostikken. Men i tillegg må ein vurdere pasientens merksemd. Det gjer ein enkelt ved undersøke om pasienten kan seie månadene i året eller dagane i veka baklengs (4).

Det at delirium alltid skuldast ein akutt somatisk tilstand, har to viktige konsekvensar. For det første skal mistanke om delirium utløyse ei systematisk leiting etter årsaka. Delirium kan vere det einaste eller i alle høve det mest dramatiske symptomet. Til dømes vil god diagnostikk av delirium gjere identifisering av sepsis med hjelp av qSOFA (Quick Sequential Organ Failure Assessment) meir presis (5). For det andre er det slik at dersom ein etter grundig utgreiing ikkje kan finne nokon utløysande årsak, ja så har ikkje pasienten delirium. Då lyt ein sjå etter andre årsaker til endra åtferd.

Delirium oppstår som eit samvirke mellom predisponerande og utløysande faktorar. Prevalensen er høgast i geriatriske avdelingar (som har dei mest skrøpelege pasientane) og i intensivavdelingane (som har dei sjukaste pasientane). 15. mai 2010 rykte deliriumforskarar inn på Cork University Hospital i Irland, eit generelt akuttsjukehus med om lag 400 senger. Gjennom ein skikkeleg dugnad klarte dei i løpet av den eine dagen å vurdere nær alle dei vaksne innlagde pasientane med omsyn på delirium, og dei fann ein prevalens på 20 % (6). 14. mars 2018 vil liknande kartleggingar bli gjennomførte i mange europeiske sjukehus, inkludert fleire norske.

Ikkje-farmakologiske tiltak er mest effektivt mot delirium (7). Aktiv realitetsorientering og roing av pasienten, systematisk bruk av pårørande, aktivisering på dagtid for å betre nattesøvnen, å kompensere for sansesvikt og korrigere fysiologiske avvik er gode tiltak utan biverknader som truleg vert for lite nytta. Derimot vert det ofte eit spørsmål om medisinering. Det finst ikkje legemiddel som er vist å ha positiv effekt på prognosen ved delirium, tvert om kan dei fleste middel vi nyttar for å få pasientane rolege både forlenge og forverre deliret. Dersom farmakologisk handsaming er naudsynt for å komme til med adekvate tiltak, er truleg nokre få dagar med små doser av eit antipsykotisk middel som haloperidol eller risperidon minst skadeleg, såframt pasienten ikkje har parkinsonistiske symptom (8).

For fyrste gong på lang tid er det no lansert eit nytt legemiddel mot delirium. Den adrenerge alfa-2-reseptoragonisten deksmedetomidin vert i aukande grad nytta mot delirium i intensivavdelingar (9). Dette er gledeleg, både av di det gjev ein ny og naudsynt farmakologisk moglegheit, førebels rett nok berre i intensivavdelingar, og av di det kan opne for ny patofysiologisk innsikt.

Medan ein før trudde at delirium var ein fullstendig reversibel tilstand, har ein no aukande kunnskap om at delirium kan gje varig forverra kognitiv funksjon og utløyse demens (10). Delirium er vanleg og alvorleg – og difor eit stort folkehelseproblem. Mot ein slik bakgrunn har forskinga på delirium vore særs sped i heile verda. No er likevel denne forskinga raskt aukande, og i fjor vart det publisert over 1 000 PubMed-indekserte artiklar. Dette er gledeleg og gjev von om at ein så smått kan vinne ny patofysiologisk innsikt og teste ny behandling.

Anbefalte artikler