Forfattarane skriv at "all forskning på hyperkinetisk forstyrrelse baserer seg på diagnosekriteriene som er utviklet til forskningsbruk, og det er derfor viktig at de også brukes i klinisk praksis". Vidare skriv dei at "vi mener det også bør inngå i den nasjonale retningslinjen, da diagnosekriteriene gir en god og nødvendig støtte i diagnostikken". Diagnosekriterier er heilt nødvendige for å sikre mest mogeleg like pasientgrupper i forskning, men diagnosekriteria er symptom og funn for å identifisere pasientar med ein sjukdom der me ikkje kjenner patologien som er årsaka til sjukdomen. Me har ikkje ein diagnostisk gullstandard med bakgrunn i patologi, og det vil være svært usannsynlig og eineståande innan medisinsk diagnostikk at diagnostiske kriterier basert på symptom har ein sensitivitet på 100 %. Det betyr at dersom diagnosen hyperkinetisk forstyrrelse berre skal brukast på dei som stettar forskningskriteria vil det medføre at nokre pasientar som høgst sannsynleg har hyperkinetisk forstyrrelse ikkje vil få diagnosen, og heller ikkje få eit relevant behandlingstilbod. Komorbiditet kompliserar og ofte diagnostiseringa, og diagnosen er ikkje alltid like objektiv. Denne gruppa som ikkje stettar forskningskriteria, kan ha like stort behov for hjelp, og etter mi erfaring like stor nytte av medikamentell behandling som dei som stettar forskningskriteria. Det er difor viktig med ei pragmatisk holdning til diagnosen for å sikre at alle med hyperkinetisk forstyrrelse får tilbod om hjelp og eventuelt prøvd medikamentell behandling. Systematisk utprøving av medikamentell behandling under nøye observasjon av effekt, og seponering ved manglande effekt er etter mi erfaring like uproblematisk og ufarleg for denne gruppa som ikkje stettar forskningskriteria som for gruppa som stettar forskningskriteria, der ein og vil oppleve manglande effekt av medikamentell behandling. For å sikre alle med hyperkinetisk forstyrrelse rett behandling er det etter mi meining viktig at forskningskriteria blir brukt som eit hjelpemiddel, og at å stette desse kriteria ikkje er eit absolutt krav for å stille diagnosen.