Kommentar
Distrikt / sentrum eller organisasjonsteoretisk kollisjon?
Legeforeningen må vera kritisk til det som skjer i helsevesenet, ut frå ein fagleg ståstad med pasienten i sentrum. Legeforeningen skal ikkje ta på seg budsjettansvar for landet som heilskap, men vil sjølvsagt kunna bli møtt med realpolitiske argument, nett av den grunnen.
Sett utanfrå (eg arbeider i Helse Stavanger sitt nedslagsfelt - utan opprivande lokaliseringsdebattar eller nedskjæringar) framstår likevel situasjonen i Oslo som noko paradoksal, fordi det blei lagt til grunn at samanslåing skulle gi ein enorm gevinst. Men som Gjessing skriv om omstilling i sjukehus: "Det koster". Og det er jo heilt tydeleg at det gjer.
For dei av oss som bur og arbeidet langt utafor Ring 3 er det såleis eit paradoks at ein sterk trend i helsevesenet - sentraliseringstrenden, nettopp har fått sitt kraftigste skot for baugen i Oslo-området. Mange vil nok synast at det er urimeleg dersom resten av Helse-Noreg skal vera med på å betala for sentraliseringsiverens fallitt. Men kva er eigentleg handlingsrommet no?
Så - neste gong noko skal gjerast i Helse-Noreg bør ein lytta til Legeforeningen i forkant!
Tidsskrift for Den norske legeforening, Postboks 1152 Sentrum, 0107 OSLO
Sentralbord: 23 10 90 00 • E-post: redaksjonen@tidsskriftet.no
Sjefredaktør Are Brean • Tidsskriftet redigeres etter redaktørplakaten