Old Drupal 7 Site

Menneskeskapt oppvarming?

Gunnar Saunes Om forfatteren
Artikkel

Charlotte Haug skreiv i Tidsskriftet nr. 23/2007 om IPCC (Intergovernmental Panel on Climate Change), Al Gore og faren for menneskeskapt global oppvarming pga. CO₂ (1). Alle som har ni år skulegong bak seg, burde kjenne denne likninga for fotosyntesen:

CO₂ + H₂O + sollys → karbohydrat + oksygen

CO₂-gassen er m.a.o. ein livsnaudsynleg gass som vi og plantene ikkje kan leve forutan. Kva tid går så CO₂ frå å vere livgjevande til å bli eit trugsmål mot eksistensen vår? Kanskje er det den sokalla drivhuseffekten Haug har i tankane. Vassdamp og skyer utgjer ca. 98 % av drivhuseffekten. CO₂ står for mindre enn 2 %. Naturen sjølv står for meir enn 96 % av CO₂-omsetninga; kol, olje og gass for mindre enn 4 %. Dermed står brenning av kol, olje og gass for ca. 1 promille av drivhuseffekten. Er det logisk, sannsynleg eller truverdig at menneskeleg aktivitet soleis kan påverke klimaet? Kva for forsking viser dette? Eg godtek ikkje henvising til IPCC eller Al Gore som har fått filmen sin An inconvenient truth dømt i britisk rett fordi han inneheld så mange vitskapelege feil at det først må opplysast om desse før filmen kan visast i britiske skular.

Anbefalte artikler