Visdom - kunnskapen, pasienten og legen
Sammendrag
Evidensbasert og tilrettelagt kunnskap er eit viktig grunnlag for god legegjerning. I tillegg kjem praktiske kunnskapar, klinisk teft og høveleg framferd. Det trengs likevel tillegg av ei djupare forståing av innhaldet i klinisk praksis. Det er ikkje minst behov for visdom når medisinsk faktakunnskap skal tilpassast individet og smelte saman med individkunnskapen. På vegen frå den vitskapelege artikkel til klinisk handling må kunnskapen reviderast fem gonger.