Nyttar det å leite etter årsakene til astma?
Lungelegar er vane med å sjå etter samanheng mellom miljø og sjukdom. For asbest og tobakksrøyk er samanhengen direkte og epidemiologien etter måten grei. Ved allergisk astma er det annleis. Mykje er usikkert når det gjeld dose-respons-tilhøva for det vi ofte ser på som sjølve den sjukdomsutløysande faktoren, allergena. Meir problematisk er det likevel at vi må ta med i reknestykket faktorar som endrar organismen sin reaksjon på eit inhalert allergen, til dømes svevestøv og infeksjonar. Verknaden av slike “uspesifikke” miljøfaktorar er ikkje lett å kartlegge